Ungdom spelar i år ein større rolle enn tidlegare Dyrøyseminaret .
– Det er veldig artig å få møte folk frå andre land. Det har vore mange diskusjonar om vi klarer å forstå kvarandre, og vi har utveksla litt erfaringar.
Det seier Isak Nygaard Takle. Han er leiar av ungdomsrådet i heimkommunen Salangen, sit i Ungdommens fylkesråd i Troms og leiar av Elevorganisasjonen i Troms.
Han er ein av i alt 83 ungdommar frå Noreg, Danmark, Finland og Grønland som måndag møttest på Dyrøyseminaret.
Dagen har vore berre for ungdommane.
– Å høyre andres erfaringar og synspunkt hjelper oss å lære, seier Dima Al-Shahrablee frå Finland.
– Ganske like
Ungdommane diskuterte tema som er viktig for dei, og korleis dei skal bli høyrde av dei vaksne i samfunnet.
– Det er viktig at ungdom blir høyrd fordi ungdom er framtida. Ungdommar tenker ofte meir langsiktig ein vaksne politikarar, av den grunn.
Det seier Emanuel Kiraz frå Danmark.
Måndag var dagen til ungdommane på Dyrøyseminaret. Ungdomsverkstaden var i samarbeid med Ungdommens fylkesråd i Troms, Ungdommens Midt-Tromsråd, ungdomsråda i Midt-Troms kommunane og True North – Tromsø som europeisk ungdomshovudstad. Foto: Malin Straumsnes / NRK
Sjølv om deltakarane er frå ulike land, er ikkje utfordringane så ulike.
– Nei, eg vil seie at dei er ganske like. Det som betyr mest for ungdom i Finland, er psykisk helse og at ein generelt har det bra. Klimaendringar er viktig og noko som blir prata mykje om. Og utdanning vil alltid vere eit hovudtema.
Dima Al-Shahrablee seier at ærlegdom i politikken også er viktig for unge.
– Politikk og ærlegdom må også gå hand i hand, seier ho.
Ventar å bli tatt seriøst
Både urbanisering, at unge ofte ønsker å flytte til storbyen og kva distrikta bør gjere for å få dei til å bli, blei diskuterte blant ungdommane.
– Alle vi som er her, har lyst til å gjere ein forskjell. Når vi får lov til å gjere ein forskjell for lokalsamfunna våre, så kjenner vi på ein eigarskap. Vi blir meir glad i den plassen vi kjem frå. Så det er veldig viktig at få involvert ungdom for å få oss til å bli, seier Isak Nygaard Takle.
Ungdom frå Noreg, Finland, Danmark og Grønland deltok. Foto: Malin Straumsnes / NRK
Innspelet til ungdommane skal leggast fram på dag to av seminaret.
– Kva håpar de at politikarar gjer med innspela frå dykk?
– Eg håpar at dei tar oss seriøst og på alvor. Det har eg god tru på at dei gjer.
(0)Comments